Me skal ein gong for alle vere klar over at det er ein stor fotballklubb Ranheim skal vitje på måndag i sesongopninga av Adeccoligaen. Me har av den grunn teke ein nærmare titt på Sogndal og Sogndal Fotball. (Foto: Sogndalkommune.no)
Sogndal er regionsenteret i Indre Sogn. Tettstaden har rundt 7 000 innbyggjarar, i tillegg til dei omlag 2 000 studentane og skuleelevane som studerer eller går på skule i bygda. Ein kan i så måte seie at Sogndal har ei ungdommeleg befolkning. Sogndal er óg ei verdskjend bygd. Kvart år kjem det turistar frå heile verda for å sjå på den knallblå fjorden, fjella og den øvrige skjønne naturen.
For oss i andre delar av landet, er Sogndal kanskje mest kjend for saft- og syltetøyfabrikken Lerum. Kven har ikkje nyta eit glas med iskald Lerum-saft eller ei skive med godt jordbærsyltetøy? Ein skal óg ikkje gløyme at tidlegare Idol-deltakar, Tone Damli Aaberge, er fødd og oppvaksen i Sogndal.
Ein annan byrgskap i Sogndal er fotballklubben. Og Sogndal er ikkje ein kven som helst fotballklubb. Klubben har fleire gonger vore i Tippeligaen, no sist i 2004, kor dei havna sist og rykka ned til 1.divisjon. Samanlikna med vår eigen klubb så er Sogndal ein storklubb. Han har 17 tilsette og har ein stor og moderne stadion, Fosshaugane Campus, med plass til 4 000 menneske.
Fosshaugene Campus (Foto: Sogndalfotball.no)
Av bragder i Tippeligaen så kan ein nemne at den største sigeren kom heime mot Odd Grenland i 2003. Då vann Sogndølingane heile 5-0. Fullt så stolt var dei nok ikkje då dei gjekk av banen heime mot Stabæk i 1998 med 9-0 i sekken.
Ein kan ikkje snakke om Sogndal Fotball utan å nemne dei tre Flo-ane. Brørne Jostein og Tore André og fetteren deira Håvard prega Sogndal Fotball utover på 90-talet. Gløymd er ei Rekdal-favoritten Eirik Bakke, som den dag i dag er Sogndal sitt største spelarsal då dei fekk omlag 45 millionar kroner då han blei selt til Leeds United i 1999.
Sogndal trenast i dag av tidlegare Tromsø-, Brann-, Haugesund og VIF-trenar (og skodespelar?) Harald Aabrekk. Han har óg tidlegare vore trenar og spelar i Sogndal.
Sogndal Fotball har ei framifrå heimeside som du kan vitje på denne adressen:
http://www.sogndalfotball.no/
Me ser fram til sesongopninga på Fosshaugane på mandag. Måtte det beste laget (Ranheim) vinne! Kampstart 18.00. Me kjem tilbake med meir info om kampen i løpet av helga.